Stipendberetning Ragnhild Haugse
 

Stipendberetning Ragnhild Haugse

 
Publisert: 07.02.19

Reisestipend frå NFS gjorde det mogleg for meg til å delta på årets European Symposium on Ultrasound Contrast Imaging i Rotterdam 17.-18. Januar 2019. Konferansen er den viktigaste konferansen i Europa innan dette fagfeltet, og byr på mange interessante foredrag om bruk av ultralyd og ultralydkontrastmiddel (mikrobobler). Og eit bra program er nesten ein forutsetning for å lokke folk til Rotterdam i midten av januar (ja, det var ganske surt og kaldt). Som ein ekstra bonus vart alle også samla den eine kvelden i akvariet i Rotterdam, med middag med utsyn til både hai og symjande kjempeskilpadder.

Eit viktig tema på konferansen var terapeutisk bruk av ultralyd og mikrobobler. Mikrobobler er i prinsippet små bobler i mikrostørrelse som vert injisert i blodbanen for å visualisere blodårer i ultralyd bildebehandling, men bruk av ultralyd/mikrobobler har i aukande grad fått merksemd for bruk i drug delivery. Forskningsgruppa eg tilhøyrer ved Universitetet i Bergen ser på korleis ein kan bruke ultralyd/mikrobobler i kombinasjon med cellegift til å forbetre effekten av kjemoterapi. 




På konferansen fekk eg anledning til å presentere nye data på ein poster, inkludert ein kort munnleg presentasjon saman med posteren, som sjølvsagt også var også ein god anledning
til å diskutere med andre som arbeider innan samme felt.

Takk til NFS for støtte til å delta på konferanse!
Hilsen Ragnhild Haugse


 
1 av 85        Neste >>