Stipendberetning fra Kristi Henjum
 
Publisert: 02.06.17

Mi reise til Neuroscience november 2016, San Diego, California, USA



                                   
                                
    Neuroscience 2016, pause i sola



"Jippi"! Frå Norsk Farmasøytisk selskap har eg fått den førsjulspresangen til jul 2015; eg er tildelt stipend for presantasjon av doktorgradsprosjektet mitt på Neuroscience 2016! Dei siste åra har eg som stipendiat studert nevroinflammasjon ved Alzheimer’s sjukdom (Alzheimer) med tanke på framtidige terapeutiske target og betra diagnostikk; så dette vert gøy!

Når november 2016 kjem har snøen lagt seg i Oslo, så t-bane og fjesbok er fulle av ski. På det fine kvite underlaget er eg ute på luftetur, føtene går lett oppover skogen bak Rikshospitalet og endå lettare nedover. Det kriblar i magen for no er det heim, pakke og sove litt før klokka ringer grytidleg i morgon for destinasjon San Diego, sol varme og ikkje minst Neuroscience 2016!


                                  
                                         Konferansesenteret i San Diego

Neuroscience, Society for Neuroscience sin årlege konferanse, er av dei største konferansane –om ikkje den største, innan nevrovitenskap. Stor nok til å dekke alle dei små tema, så hit kjem alle dei ulike sidene, krikane og krokane av nevrovitenskapen frå dei store namna til lovande studentar. Forskningsfronten vert presantert og nye metodar introduser. Her har eg hatt lyst delta sidan eg tok master i nevrofarmakologi, no er eg her, eit stykke ute i graden min, perfekt tima for siste tankar og innspel på prosjektet. Fem dagar med tusenvis av andre like interessert som meg i nevrobiologi eller meir ventar. Håpar opplevinga står til forventningane…


                                  
                                           Klar for presentasjon; spent!



Eg søkk ned i flysetet, høyrer så vidt informasjon frå flyvertinna. Etter fem inspirerande dagar med diskusjonar og presentasjonar av dyktige forskarar er hovudet fylt med nye tankar om prosjektet mitt og eg har fått eit hint om kva som kjem til å dukke opp i Pubmed. Forfattarane eg stadig les artiklane til har fått ansikt og stemme, og nye namn å følgje er notert.

På Neuroscience heng posterane i fire timar, og i ein oppgitt time skal du presentere. Eg vart ståande presentere og diskutere i alle fire timane, artig! " "Cerebrospinalfluid soluble TREM2 (sTREM2) in aging and Alzheimer’s disease " var tittelen på min poster. Variantar av TREM2, eit protein tilknytt immunsystemet vårt, aukar risikoen for å utvikla Alzheimer. Det er derfor svært interessant å forstå funksjonen til TREM2 ved Alzheimer. Eit fragment av TREM2, sTREM2 kan målast i cerebrospinalvæska. Mine og andre sine resultat indikerar at sTREM2 er ein potensiell markør for preklinisk Alzheimer. Slike markørar kan bli viktige for å behandle rett pasientar i tide. Det einaste som var kjedeleg med godt posterbesøk var at eg ikkje rakk sjå dei andre posterane i min eigen sesjon..


Neuroscience 2016, opplevinga stod til forventningane og kanskje meir til. No gler eg meg til å kome heim og jobbe vidare med prosjektet mitt. Stor takk til Norges Farmasøytiske Selskap for støtte til turen!

Venleg helsing
Kristi Henjum
Stipendiat ved Avdeling for farmakologi, Universitetet i Oslo og Oslo Universitetssykehus
<< Forrige        22 av 77        Neste >>