Stipendberetning fra Tore Haslemo
 
 
 

Stipendberetning fra Tore Haslemo

 
Publisert: 16.11.17
Tore Haslemo er farmasøyt ved Diakonhjemmet Sykehus, Senter for Psykofarmakologi. Han ble i 2016/2017 tildelt kr 20 000 fra NFS Stipenfond for prosjektet:

  "Betydningen av CYP2D6-genvarianter som koder for redusert enzymaktivitet"



Verdskongressen til IATDMCT (International Association of Therapeutic Drug Monitoring and Clinical Toxicology) vart i 2017 arrangert i Kyoto, Japan. Temaet var utvikling og ekspansjon av legemiddelmonitorering og klinisk toksikologi. Dette spenner frå tekniske framskritt rundt bruk av nye biologiske prøvemateriale (hår, spytt eller tørka bloddråpar), automatiserte instrument som raskt og nøyaktig detekterar hundrevis av substansar. Vidare blir det diskutert individtilpassa behandling innan felt som kreft, transplantasjonsmedisin og infeksjonar.


                         


Den norske delegasjonen på tolv personar kom frå Farmasøytisk Institutt (UiO), Oslo Universitetssykehus (OUS) og Diakonhjemmet Sykehus. Dei norske forskarane viste igjen på kongressen med mange og gode presentasjonar, og skapte diskusjon og spørsmål blant tilhøyrarane. Eg presenterte data på genvariantar av CYP2D6 som kodar for redusert enzymaktivitet. Det har så langt vore uavklart i kva grad ein bør ta hensyn til desse variantane ved dosering av legemidler. Våre resultat tyder på at det er fleire med kraftig redusert enzymaktivitet enn det som tradisjonelt har vore kjent.


                                                 


Med rundt 600 deltakarar er dette ein kongress der ein kan halda grei oversikt over programmet, og etterkvart også kjenner igjen grupperingar og kollegaer frå eige fagfelt. Store og små sesjonar opnar for dialog med stadig nye forskningsgrupper som jobbar med dei samme problemstillinga som ein sjølv. Me traff blant anna samarbeidspartnarane våre frå Karolinska i Stockholm og prata med fleire tyske, nederlandske og britiske forskarar som har vore viktige for utvikling av fagfeltet.

Veka før kongressen var me turistar i Tokyo. Eit fantastisk reisemål som stadig overraska med fantastisk mat, (sub)kulturfenomen, fancy toalett og høflege innbyggarar. Det japanske samfunnet er ei herleg blanding av tradisjon og teknologi. Kaotisk mykje folk, men tilsvarande kontroll og orden på alle frontar. Kyoto er ein kort togtur frå Tokyo, med marsjfart på ca 300 km/t betyr det at ein gjer unna ein avstand tilsvarande Trondheim-Oslo på to timar. Der Tokyo er skyskraparar og hektiske shopping- og businessområde, er Kyoto eit historisk senter med parkar, palass og tradisjonell japansk arkitektur. Eit stort fiskemarked var eit av høgdepunkta i byen, med hundrevis av boder fylt med ting ein trudde og kanskje ikkje trudde kunne nyttast til mat.

                     


Kongressenteret i Kyoto er plassert like nord for sentrum, med flott hageanlegg og karpedammar. Programmet starta for dei ivrigaste frå åtte om morgonen. Fellessesjonar på formiddagen, posterpresentasjonar like etter lunsj og mindre sesjonar ut over ettermiddagen. Kongressar betyr óg mykje sosialt program, både felles middagar og aktivitetar i mindre grupper. Kongressmiddagen skuffa ikkje, med mykje godt frå det japanske kjøkkenet og ikkje minst at vertskapet drog på med kontrastar i underhaldninga. Tradisjonelle kimono-kledde dansarar vart fulgt opp av jenteband i sjangeren «finsk black-metal» framført i kvit brurekjole. Siste kvelden sette me dessutan skikkeleg punktum med å ramla inn på karaokebar og enda med å synga Abba-duett med veldig blide lokale businessfolk.


                                                         
<< Forrige        8 av 73        Neste >>