Stipendberetning fra Amalie Borlaug - NFS
 
 
stipend_amalieborlaug_bilde3
Forfatter: nfs.no Publisert: 03.11.2025

Stipendberetning fra Amalie Borlaug

 

 

Hausten 2024 fekk eg utdelt 15000 kroner i stipend frå Norsk Farmasøytisk Selskaps Stipendfond. Dette gjekk til å delta og presentere forskningsresultata mine som stipendiat ved Influensasenteret, Universitetet i Bergen, på den internasjonale konferansen 4th ISRV Correlates of Protection for Next Generation Influenza Vaccines i Wien. Konferansen samla leiande influensaforskarar frå heile verda, og var ein unik arena for fagleg utvikling og inspirasjon.

 

 

Gjennom fleire innhaldsrike dagar fekk eg dykke ned i ny og oppdatert forsking innan immunologi og vaksineutvikling. Det var spennande og veldig lærerikt å få høyre om utvikling av neste generasjon influensavaksiner. Det var spesielt interessant å lære meir om korleis ein kan utvide forståinga av både immunlandskap og langtidsbeskyttelse fordi det traff tett på mitt eige prosjekt.

 

På konferansen presenterte eg posteren min, Antibody Landscapses Following Seasonal Influenza Vaccination in Children and Pregnant Women in Bangladesh. Å få moglegheita til å kunne diskutere metodeval, resultat og vidare forskingsmoglegheitar med andre forskarar gav mange nyttige innspel og spennande samtalar. Det var også veldig kjekt å bli tildelt pris for beste posterpresentasjon.

 

Til slutt ønskjer eg å takke NFS for stipendet eg vart tildelt og for moglegheita til å reise på denne konferansen.

 
scrolltop